Publisert i avisa VALDRES 08.03.2008.
 GAUPEJAKT: Det er ei gaupe mindre i Valdres etter siste innspurt i gaupejakta. Syver Strand felte denne hanngaupa i Åbjør torsdagskvelden. FOTO: JAN BERGER
Jeger Syver Strand fortel at han sat på post i nærleiken av ein hjortekalv som gaupa hadde felt sjølv. – Gauper går ikkje på åte, men dei kjem att til eigne byttedyr dersom ingen har rørt ved dei. Eg sat på post frå klokka halv seks om ettermiddagen, og ved sjutida kom gaupa luskande. Men då vart det brått slutt for gaupa, fortel han. Fylkesmannen opna for utvida gaupejakt i Oppland i byrjinga av mars. To gauper kunne bli felt, eit hanndyr og eit hodyr. Reglane er slik at dersom hodyret blir felt fyrst, så er det stopp. Men denne gongen var det altså ein hann som fall. Gaupejakta var eit samarbeid mellom jaktlaga i Åbjør og Svennes. |