 Sesongstart: Mange oppsøkte løypa over Skardåsen søndag. Dei kunne glede seg over strålande sol og stort sett nydelege løyper.
Det rause snøfallet før helga sikra skiføre i store deler av Valdres. Søndagen inviterte til sesongopning med knallblå himmel og strålande sol. På Fagernes kom det 22,8 millimeter nedbør laurdag og natt til søndag. Døgnet etter kom det ytterlegare 10 millimeter. Det har gitt seg utslag i 50 centimeter snø.
Godt i gang Innover åsane var det litt meir frå før, slik at dei fleste løypekjørarane har 60-70 centimeters råstoff. Lengst er dei komne på Vaset. Der er det kjørt opp eit par mil på stølsvegane innafor Gomobu og like mykje ved Vasetvatnet. – Der har vi lagt grunnlaget med å pakke traseen. Vi prioriterer den 10 kilometers runden mot Murkelie. Når vi får reparert maskina etter at ho stoppa søndag, vil løypa bli kjørt alle dagar, seier Harald Lasskogen i andelslaget Vasetløypene. Leirin Skiløyper tilbyr gode forhold i lysløypa mellom Valdres Skisenter og flyplassen. Også runden om Skardåsen er preparert, men nokre kvistar stikk opp i spora her og der. Tilsvarande forhold er det på Beitostølen, som byr på 22 kilometer.
Kortare løyper – Vi har kjørt opp fem kilometer, opplyser Per Fridthjof Berntsen på Glenna Høyfjellssenter i Etnedal. Vertskapet Bjørg og Lasse Edvinsen ved Lenningen Hyttesenter har lagt spor til Lundssetra, der det er samband med løyper på Torpasida. Også på Aurdalsåsen er det lagt nokre kilometer med greie spor.
Meir til helga I Sør-Aurdal har underlaget vore for laust for tunge løypemaskiner. Hedalen løypelag har begynt å legge eit grunnlag med scooter. Både der, i Tisleidalen, på Filefjell og mange andre stader blir det tatt sikte på å legge spor til helga som kjem.
Dagleg skiheis Beitostølen Skiheiser starta vintersesongen for tre veker sidan. – Denne veka kjører vi dagleg vekselvis Ola-ekspressen og heisen i Bjødnabakken. Frå helga set vi truleg i drift eit par heiser til, opplyser Bjørnar Hovi. |