 |
| Populært skiterreng: Aurdal og Kruk løypelag har ansvar for løypene mellom Bjørgovarden (bildet) og Heimåsgrinda i Skrautvål. FOTO: Egil Heggen |
 | Eg ber om unnskyldning overfor dei som meiner at vi var for barduse med å sende ut krav i posten. Vi vart litt paniske før jul, erkjenner styreleiaren i Aurdal og Kruk løypelag, Mikael Fønhus. Pengemangelen skuldast ei innstramming i bruken av pengane som kjem frå Oppland fylkeskommune.
«Mista» 150.000 kroner Vi får ikkje mindre pengar frå fylkeskommunen. Saka er at noko av pengane som er øremerkte til utviklingstiltak for reiselivet, har gått til løypekjøring. Det er no presisert at pengane ikkje kan gå til drift, seier dagleg leiar i reiselivets interesseselskap, Valdres Destinasjon AS. I praksis betyr det at 150.000 fylkeskroner ikkje lenger rullar inn i løypene ved Kruk og Danebu. Derfor vart traseen mellom Nythun Høyfjellstue og Heimåsgrinda i Skrautvål ikkje kjørt med prepareringsmaskin då snøen kom. Også nettet i Aurdalsåsen har vore hemma av pengemangelen.
Vanskeleg sesongstart Men det har på ingen måte gått i stå. Den våte og milde hausten gjorde at vi kom seint i gang med å legge sole på myrane. Då vi endeleg skulle preparere heile nettet i forrige veke, streika maskina. No er ho i gang att, slik at vi kan love skikkelege løyper i helga, seier Fønhus.
Kontroversiell blankett Innbetalingsblanketten som vart sendt ut til alle hytteeigarar og fastbuande i Nord-Aurdal i jula, var ei oppmoding om frivillig innbetaling. I følgeskrivet stod det at dei som bidrar i løypekassa gjennom kontingent til hytteforening eller grunneigarlag, kunne kaste blanketten med godt samvit. Somme har reagert på blanketten med sinne. Men mange innser at løypene er resultat av ein økonomisk dugnad, og har overført ein sum. Over ein halv million kroner er allereie kome inn til fordeling på løypene i Nord-Aurdal.
Bør heve standarden Færre offentlege kroner til preparering må kompenserast frå andre kjelder. Helst skulle vi hatt utvida rammer, slik at vi kunne tilby tidlegare løyper og endå betre vedlikehald, seier Ole Bjarne Strømmen. I romjula forklarte han situasjonen på eit møte med hytteeigarar i Aurdalsåsen. Der kom det fram at reiselivsbedriftene og hyttefolket har felles interesse i gode løyper. Mange av hytteeigarane signaliserte at betalingsviljen vil stå i forhold til produktet. Truleg kan også skiglade fastbuande skrive under på det.
Fire arbeidsgrupper Bedriftene Aurdal Fjellpark, Danebu og Nythun står bak Aurdal og Kruk løypelag. Møtet i romjula munna ut i at ei rekke personar stilte seg til disposisjon for å drøfte ei ny organisering av løypelaget. Det var kjempepositivt. Brukarane bør trekkast aktivt inn i løypelaga. Når brukarane får eit eigarforhold til produktet, er det større sjansar for å få laget på skinner, seier Strømmen. Også grunneigarane er trekte inn som ein aktiv part i løypeorganiseringa for Aurdalsåsen og Kruk. Forrige veke vart fire arbeidsgrupper oppretta. Dei skal ta for seg vedtekter, vurdere tidlegløyper, sjå på kommunikasjonen med brukarane og arbeide med grunneigaravtaler. Vi tek sikte på å kalle inn til fellesmøte med brukarane på Danebu og på Nythun i påska, seier Fønhus.
Vaset og Tisleidalen Dei same problemstillingane gjeld for to løypelag i Tisleidalen og den delen av Vaset-løypene som ligg i Nord-Aurdal. Vi håper å få i gang tilsvarande prosessar der. Første steg blir å kalle inn til informasjonsmøte i vinterferien for å lodde stemninga, seier Strømmen. Som leiar av Sør-Aurdal Utvikling AS har han vore med og dytte i gang ei berekraftig løypeorganisering i Hedalen og på veståsen i Sør-Aurdal. Der har hytteeigarar, bedrifter, grunneigarar og bygdefolk gått saman om å rulle ut mange mil med gode, doble spor.
|